Kraftfôr frå Ottadalen Mølle

Ottadalen Mølle Kraftfôr frå Ottadalen Mølle Haust 2023

2

3 Oversikt kraftfôr DRØVTYGGJARFÔR Pelletsdiameter NEL 20 / kg TS PBV 20 / kg TS AAT 20 / kg TS DRØV TIDLEGSLÅTT 4,2 6,8 -8 116 DRØV MIDDELSLÅTT 4,2 6,8 11 116 DRØV GUNSTIG m/levande gjær 4,2 7,0 5 120 DRØV ENERGIRIK HØG m/levande gjær 4,2 7,1 34 123 DRØV ENERGIRIK 4,2 7,1 13 122 DRØV ENERGIRIK LÅG 4,2 7,1 -15 122 DRØV GENIAL m/levande gjær 4,2 7,3 9 127 DRØV GENIAL LÅG m/levande gjær 4,2 7,3 -12 127 ALKA MJØLK 4,2 7,3 20 118 DRØV FASE 1 m/levande gjær 4,2 7,5 16 132 DRØV FASE 1 LÅG m/levande gjær 4,2 7,5 -13 132 DRØV FIBER STORFE 4,2 6,5 10 109 DRØV GROVFÔRDRØYER 4,2 6,0 5 90 DRØV BARIS 4,2 6,5 5 100 DRØV KJØTTFE 4,2 6,6 7 117 ALKA STORFE 4,2 6,7 11 104 DRØV MUSKEL 4,2 6,2 14 103 DRØV KRAFTIG m/levande gjær 4,2 6,8 9 121 DRØV INTRO m/levande gjær 4,2 7,0 22 127 DRØV FULLGOD til ammeku 4,2 6,4 102 128 Pelletsdiameter FEm / 100 kg PBV / FEm AAT / FEm DRØV GEIT m/levande gjær 4,2 99 5 107 DRØV GEIT FIBER 4,2 98 -10 106 ALKA GEIT 4,2 99 18 96 DRØV SAU MJØLKEFOR 4,2 104 0 118 DRØV SAU APPETITT m/levande gjær 4,2 95 -5 110 DRØV SAU VINTER 4,2 94 -5 105 DRØV LAM 4,2 92 -3 112 BYGGPELLETS 4,2 100 -60 98 ROEBLANDING 4,2 93 -58 97 SVINEFÔR Pelletsdiameter FEn / 100 kg Råprotein % IDEAL 30 4,2 112 17,8 IDEAL 50 4,2 109 17,1 IDEAL DIE m/levande gjær 4,2 112 15,7 IDEAL DIE EKSTRA m/levande gjær 4,2 115 16,3 IDEAL JUNIOR m/levande gjær 4,2 115 18,7 IDEAL JUNIOR BALANSE m/levande gjær 4,2 110 17,2 IDEAL 30 MYSEKOMBI 4,2 112 18,3 IDEAL 50 MYSEKOMBI 4,2 109 17,9 IDEAL DIE MYSEKOMBI m/levande gjær 4,2 112 15,2 IDEAL DIE EKSTRA MYSEKOMBI m/levande gjær 4,2 115 16,9 IDEAL GJELDPURKE MYSEKOMBI m/levande gjær 4,2 106 12,4 UTEGRIS 4,2 104 14,6 Innhaldet kan variere gjennom året

4 DRØV Kraftfôr til mjølkekyr Varmestabil Levucell® Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret gjev eit betre vommiljø og auka nytte av grovfôret, og dermed auka tilvekst og mjølkeproduksjon med høgare protein- og feittprosent i mjølka. DRØV TIDLEGSLÅTT Kraftfôr med mykje norsk korn til kyr med moderate ytingar (opptil 7500 kg EKM). Tilpassa gras med tidleg haustetidspunkt. - Kan brukast til ungdyr og oksar med moderat krav til tilvekst - Kan brukast som ein del av ein grunnrasjon, og som kraftfôr nr 2 til kyr med høgare ytingar DRØV MIDDELSLÅTT Kraftfôr med mykje norsk korn til kyr med moderate ytingar (opptil 7500 kg EKM). Tilpassa surfôr av gras med middels haustetidspunkt. - Kan brukast til ungdyr og oksar med moderat krav til tilvekst - Kan brukast som ein del av ein grunnrasjon, og som kraftfôr nr 2 til kyr med høgare ytingar DRØV GUNSTIG med levande gjær Prisgunstig kraftfôr til mjølkekyr med moderate ytingar (opptil 7500 kg EKM). Tilpassa surfor av gras med middels haustetidspunkt. - Inneheld levande gjær for eit betre vommiljø og auka nytte av grovforet - Kan brukast til ungdyr/oksar, og som ein del av ein grunnrasjon til kyr med høgare ytingar. DRØV ENERGIRIK HØG med levande gjær Energirikt kraftfôr til kyr med høgare ytingar (7000 – 9000 kg EKM). Tilpassa surfôr av seint hausta gras eller der mykje høy eller halm inngår i rasjonen. Også aktuell saman med rotvekstar og poteter. - Inneheld levande gjær og råvarer som er gunstige for eit godt vommiljø DRØV ENERGIRIK Energirikt kraftfôr til kyr med høgare ytingar (7000 – 9000 kg EKM). Tilpassa surfôr av gras med middels haustetidspunkt. - Inneheld råvarer som er gunstige for eit godt vommiljø DRØV ENERGIRIK LÅG Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 – 9000 kg EKM). Tilpassa surfôr av tidleg hausta gras eller beitegras. - Inneheld råvarer som er gunstige for eit godt vommiljø

5 DRØV GENIAL med levande gjær Kraftfôr til kyr med høge ytingar (8000 -10000 kg EKM). Tilpassa surfôr av gras med middels haustetidspunkt. - Kan brukast gjennom heile laktasjonen, eller som kraftfôr nr 1 der eit anna inngår i ein grunnrasjon/ er kraftfôr nr 2 - Inneheld buffer, levande gjær og råvarer som er gunstige for eit godt vommiljø, auka nytte av grovfôret og auka feitt- og proteinprosent i mjølka DRØV GENIAL LÅG med levende gjær Kraftfôr til kyr med høge ytingar (8000 -10000 kg EKM). Tilpassa surfôr av gras med tidleg haustetidspunkt. - Kan brukast gjennom heile laktasjonen, eller som kraftfôr nr 1 der eit anna inngår i ein grunnrasjon/ er kraftfôr nr 2 - Inneheld buffer, levande gjær og råvarer som er gunstige for eit godt vommiljø, auka nytte av grovfôret og auka feitt- og proteinprosent i mjølka DRØV FASE 1 med levande gjær Toppblanding til mjølkeku for maksimal yting, høgt fôropptak og godt vommiljø. Tilpassa grovfôr av gras med middels haustetidspunkt. - Passar spesielt godt til mjølkekua i fyrste del av laktasjonen, men kan og brukast gjennom heile året - Kan brukast som kraftfôr nr 1 der eit anna inngår i ein grunnrasjon/er kraftfôr nr 2 - Inneheld levande gjær og råvarer gunstige for eit godt vommiljø, auka nytte av grovfôret, høge mjølkeytingar og auka feitt -og proteinprosent DRØV FASE 1 LÅG med levande gjær Toppblanding til mjølkeku for maksimal yting, høgt fôropptak og godt vommiljø. Tilpassa grovfôr av gras med tidleg haustetidspunkt. - Passar spesielt godt til mjølkekua i fyrste del av laktasjonen, men kan også brukast gjennom heile året - Kan brukast som kraftfôr nr 1 der eit anna inngår i ein grunnrasjon/er kraftfôr nr 2 - Inneheld levande gjær og råvarer gunstige for eit godt vommiljø, auka nytte av grovfôret, høge mjølkeytingar og auka feitt -og proteinprosent Alle våre kraftfôrblandingar til drøvtyggjarar er tilsett organisk selen. Selen er eit viktig mineral for fruktbarheit, immunforsvar og livskraft. Organisk selen aukar tilgangen av selen i dyret, som i sin tur aukar selenoverføringa til mjølk og kjøtt. Dette gjev eit større selenlager, og fører til betre selentilførsel til kalven, kjeet eller lammet.

6 DRØV Kraftfôr til ammeku og storfe i vekst DRØV INTRO med levande gjær Startfôr for kalv, lam og kje. - Smaklege råvarer og tilsette mikro-ingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst - Inneheld naturleg vitamin E og mineral tilpassa den nyfødde drøvtyggjaren - Anbefalt i bruk til dyret er 2-3 månadar gamalt DRØV FULLGOD Eit pelletert tilskotsfôr tilpassa ammekyr. Vil med anbefalte mengder dekkje protein, vitamin- og mineralbehovet til mordyret, og sikrar at kalven får ein god start. - Anbefalt mengde: 0,5 kg før kalving og gradvis opptrapping til 1,5 kg etter kalving Maks 1,5 kg pr dyr pr dag. Bør ikkje kombinerast med andre vitamin- og mineraltilskot som inneheld jod, selen og kopar. DRØV BARIS Prisgunstig kraftfôr til oppforing av storfe. - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Anbefalte mengder max 4 kg DRØV KJØTTFE Kraftfôr til oppfôring av storfe. - Tilsett buffer og råvarer som er gunstige for vommiljøet - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Anbefalte mengder frå 4-6 kg DRØV MUSKEL Kraftfôr til storfe som får mykje kraftfôr, ved intensiv fôring og/eller grovfôrmangel. - Tilsett buffer og råvarer som er gunstige for vommiljøet - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Aktuell ved kraftfôrmengder over 5 kg DRØV KRAFTIG med levande gjær Eit proteinrikt kraftfôr til kviger og oksar der ein ynskjer høg tilvekst, rask framfôring, eller der mykje grovfôr inngår i rasjonen. - Tilsett levande gjær for auka nytte av grovfôret og høgare tilvekst, samt spesialtilpassa vitamin- og mineralinnhald til dyr i vekst - Anbefalte mengder: Kviger: 0,5 –2 kg/dag avhengig av grovfôrkvalitet og alder Oksar: Opptrapping til maks 4 kg/dag. Dekkjer dagsbehovet for vitamin- og mineral ved ca 2,5 kg/dag Alle våre kraftfôrblandingar til drøvtyggjarar er tilsett organisk selen. Selen er eit viktig mineral for fruktbarheit, immunforsvar og livskraft. Organisk selen aukar tilgangen av selen i dyret, som i sin tur aukar selenoverføringa til mjølk og kjøtt. Dette gjev eit større selenlager, og fører til betre selentilførsel til kalven, kjeet eller lammet. Varmestabil Levucell® Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret gjev eit betre vommiljø og auka nytte av grovfôret, og dermed auka tilvekst og mjølkeproduksjon med høgare protein- og feittprosent i mjølka.

7 DRØV Kraftfôr til bruk ved lite grovfôr DRØV FIBER STORFE Kraftfôr til storfe til bruk ved grovfôrmangel, eller behov for meir fiber i rasjonen. Ved moderate/middels ytingar kan blandinga brukast som einaste kraftfôr. Til høgare ytingar er det anbefalt med eit anna kraftfôr i tillegg i topplaktasjonen. - Høgt fiberinnhald (NDF), råvarer gunstige for vommiljøet og tilsett buffer gjer at ein kan gje større mengder kraftfôr DRØV GROVFÔRDRØYER Spesialblanding til situasjonar med lite grovfôr. - Utan tilsett vitamin og mineral, og kan derfor brukast som ein grovfôrerstattar til både sau, geit og storfe - Inneheld utvalde råvarer og bufferstoff som er med på å oppretthalde eit godt vommiljø ved høg tildeling av kraftfôr - Aktuell mengde: 2-8,5 kg/dag. Med gradvis tilvenning og fri tilgang på surfôr kan blandinga også fôrast etter appetitt ROEBLANDING Fiberrikt tilskotsfor til storfe, sau og geit ved behov for senking av PBV eller meir fiber i rasjonen. - Ikkje tilsett andre vitamin og mineral enn salt og magnesium - Aktuell mengde: Mjølkeku: 2-3 kg/dag Geit: 0,2 - 0,3 kg/dag

8 ALKA Kraftfôr til storfe og geit Alkalisk kraftfôr inneheld norsk korn behandla med urea og ulike enzym. Behandlinga vil omdanne urea til ammoniumsalt, noko som vil gje ein høgare pH i vomma og bidra med ekstra protein. Drøvtyggjarar vil da kunne ha meir norsk korn i rasjonen og samstundes oppretthalde eit godt vommiljø. På denne måten kan ein ha høg andel av norske råvarer i kraftfôret! ALKA MJØLK Energirik kraftfôrblanding til mjølkeku med moderate til høge ytingar. - Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auke feittprosenten i mjølka - Inneheld minst 75 % norske råvarer ALKA STORFE Kraftfôr tilpassa storfe i vekst. Kan også brukast som tillegg til høgtytande kyr, i for eksempel ei grunn- blanding. - Mineralinnhald er tilpassa dyr med høg tilvekst - Inneheld minst 90 % norske råvarer ALKA GEIT Kraftfôr til mjølkegeit. - Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auka tørrstoffinnhald i mjølka - Mineral og vitamininnhald tilpassa mjølkegeit - Inneheld minst 70 % norske råvarer Alkalisk kraftfôr innheld ikkje proteinnitrogen (NPN) og må kun gis til dyr med utvikla drøvtyggarfunksjon. Gradvis tilvenning er viktig. Alkalisk kraftfôr må ikkje gis ilag med ammoniakkbehandla halm, eller andre fôrmiddel som inneheld ureaprodukt.

9 DRØV Kraftfôr til småfe DRØV GEIT med levande gjær Kraftfôr spesialtilpassa mjølkegeit. - Høgt innhald av feitt og protein for ei god mjølkemengde med høgt tørrstoffinnhald - Inneheld levande gjær og mykje råvarer gunstige for eit godt vommiljø og auka fôrutnytting DRØV GEIT FIBER Til år med grovfôrmangel eller ved behov for meir fiber i rasjonen. - Høgt innhald av fiber (NDF) og eit moderat innhald av vomnedbrytbar stivelse - Inneheld bufferstoff og råvarer som er gunstig for vommiljøet DRØV SAU MJØLKEFÔR Protein- og energirikt kraftfôr til søyer frå ca 6-8 veker før lamming og til beiteslepp. - Inneheld råvarer gunstige for eit godt vommiljø, ekstra antioksidantar og naturleg vitamin E for god mjølkeyting og friske søyer og lam - Kraftfôret er koparfritt DRØV SAU APPETITT med levande gjær Fiberrik kraftfôrblanding tilpassa søyer frå 8 veker før lamming til beiteslepp. - Inneheld råvarer gunstige for eit godt vommiljø, ekstra antioksidantar og naturleg vitamin E for god mjølkeyting og friske søyer og lam - Kan i tillegg til godt grovfôr gjevast etter appetitt etter lamming ved gradvis opptrapping - Kraftfôret er koparfritt DRØV SAU VINTER Til påsettlam og søyer etter innsett om hausten og fram til overgang til DRØV Sau Mjølkefôr om våren. - Anbefalte mengder: Åringar: 0,3 – 0,6 kg/dag Søyer: opptil 0,3 kg/dag, avhengig av grovfôrkvalitet Sau som får under 0,3 kg kraftfôr per dag bør få mineraltilskot i tillegg - Kraftfôret er koparfritt DRØV LAM Fiberrik kraftfôrblanding til oppfôring av kopplam og etterfôring av lam om hausten. - Kan gjevast etter appetitt ved opptrapping over minst 2-3 veker, og der det er fri tilgang på godt grovfôr - Vitamin- og mineralinnhald tilpassa dyr i vekst, og vil minske risiko for urinstein - Kraftfôret er koparfritt DRØV INTRO med levande gjær Startfôr for kalv, lam og kje. - Smakelege råvarer og tilsette mikro-ingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst - Inneheld naturleg vitamin E og mineral tilpassa den nyfødde drøvtyggjaren Varmestabil Levucell® Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret gjev eit betre vommiljø og betre fôrutnytting, og dermed auka tilvekst og mjølkeproduksjon med høgare protein- og feittprosent i mjølka. Alle våre kraftfôrblandingar til drøvtyggjarar er tilsett organisk selen. Selen er eit viktig mineral for frukt[1] barheit, immunforsvar og livskraft. Organisk selen aukar tilgangen av selen i dyret, som i sin tur aukar selenoverføringa til mjølk og kjøtt. Dette gjev eit større selenlager, og fører til betre selentilførsel til kalven, kjeet eller lammet.

10 IDEAL Kraftfôr til smågris og slaktegris IDEAL JUNIOR med levande gjær Eit smakeleg og energirikt fôr til smågris, sett saman for å gje god tilvekst og fôrutnytting. Utvalde, lettfordøye- lege råvarer, organiske syrer og selekterte enzym vil auke tilgangen av næringsstoffa, fremje ein sunn tarm og gje høg tilvekst. Tilvenning på kraftfôr er anbefalt frå fyrste leveveke, og smågrisane bør ha eit opptak på opp mot 0,5 kg FEn/dag før avvenning. Unngå fôrskifte i perioden rundt avvenning. - Anbefalt fram til ca. 25-30 kg før overgang til slaktegrisfôr IDEAL JUNIOR BALANSE med levande gjær Eit skånefôr til smågris i besetningar med miljø- eller helseutfordringar (til dømes diaré). Kan brukast i delar, eller gjennom heile smågrisperioda. Tilvenning på kraftfôr er anbefalt frå fyrste leveveke, og smågrisane bør ha eit opptak på opp mot 0,5 kg FEn/dag før avvenning. Unngå fôrskifte i perioden rundt avvenning. - Tilsett fiber, pre- og probiotika for å støtte eit magetarm-system i ubalanse - Eit lågare innhald av energi- og protein enn IDEAL Junior - Anbefalt fram til ca 25-30 kg levandevekt før overgang til slaktegrisfôr IDEAL 30 Konsentrert slaktegrisfôr tilpassa slaktegris frå 25-30 kg levandevekt. Anbefalt som eit startfôr i eit fasefôrings- opplegg, eller som einaste fôr til slaktegris med høgt potensiale. - Tilsett ekstra vitamin og mineral for å dekkje behova til ein gris i rask vekst IDEAL 50 Kraftfôr tilpassa slaktegris, og kan brukast som einaste fôrslag i heile slaktegrisperioda, eller som eit fase 2-fôr i eit fasefôringsopplegg. Kan også brukast til purker i kombinasjonsbesetningar. IDEAL 30 MYSEKOMBI Gjev saman med 20 % myse tilsvarande næringsstoff som Ideal 30 i eit våtfôringsopplegg. IDEAL 50 MYSEKOMBI Gjev saman med 20 % myse tilsvarande næringsstoff som Ideal 50 i eit våtfôringsopplegg. UTEGRIS Slaktegrisfôr til bruk gjennom heile slaktegrisperioda. Eit lågare energi- og proteininnhald enn dei andre kraftfôra til slaktegris vil gje ei svakare framfôring, og kraftfôret eignar seg derfor til gris som har eit lågare krav til tilvekst. Kan også brukast som sluttfôr på slaktegris frå ca. 60 kg levandevekt. - Tilsett ekstra mineral -og vitamin for at blandinga kan kombinerast med andre produkt som t.d. myse, gras eller matavfall i rasjonen - Inneheld mest mogleg norske råvarer, og er soyamjølfri Alle fôr til smågris og slaktegris er tilsett naturleg vitamin E og nye kjelder til mineral, noko som gjev: - betre smak på fôret - høgare fôropptak og fôrutnytting - høgare tilvekst og kjøttprosent - betre helse og sterkare bein

11 IDEAL Kraftfôr til purker IDEAL DIE med levande gjær Kraftfôr til purker i dieperioden, og rekruttpurker fram til fyrste brunstsimulering. - Eit energirik fôr som sikrar ein høg mjølkeproduksjon - Inneheld råvarer som gjev god mage- og tarmhelse og høgt næringsopptak - Kan også brukast til drektige purker, men da med mykje grovfôr og/eller Roeblanding i tillegg IDEAL DIE EKSTRA med levande gjær Tilpassa høgproduktive, diande purker med over 12-13 avvente grisungar. - Blandinga har eit særs høgt energi- og proteininnhald - Inneheld råvarer som gjev god mage - og tarmhelse og høgt næringsopptak - Anbefalt der det kan brukast IDEAL Gjeldpurke til dei drektige purkene IDEAL DIE MYSEKOMBI med levande gjær Som IDEAL Die saman med 20 % myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL DIE EKSTRA MYSEKOMBI med levande gjær Som IDEAL Die Ekstra saman med 20 % myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL GJELDPURKE MYSEKOMBI med levande gjær Til drektige purker og ungpurker etter brunststimule- ring, saman med 25 % myse i eit våtfôringsopplegg. - Eit høgt fiberinnhald vil gje god mettheitsfølelse, god mage- og tarmhelse, god råmjølksproduksjon og evne til høgt fôropptak i dieperioden - Mineral og vitamin tilpassa den drektige purka ROEBLANDING Tilskotsfôr med høgt innhald av fiber. Kan brukast i tillegg til alle typer svinefor, både tørt og oppbløytt. - Gjev god bakterieflora og god tarmhelse - Kan førebyggje komplikasjonar med forstopping og MMA ved grising hos purker, samt auke mengda råmjølk og fôropptaket i dieperioda - Førebyggjer svoltstress, magesår, halebiting og låg kjøttprosent - Roeblanding gjeve på golvet saman med grovfôr eller anna rotemateriale vil aktivisere grisen - Ikkje tilsett mineral/vitamin anna enn salt og magnesium. Magnesium kan ha ei roande effekt på grisen - Aktuelle menger: Slaktegris: Erstatt opptil 10 % av dagsrasjonen Purker: Erstatt 0,5- 1 kg/dag av diefôret ei veke før og 3-4 dagar etter fødsel Alle blandingar til purker er tilsett levande gjær for auka utnytting av fôrrasjonen, høgare spekkmål, redusert tap av kroppsreserve i dieperioden, betre brunst og lågare omløp. Levande gjær i dieperioden er også positivt for smågrisen.

O�adalen Mølle SA Bergomsvegen 49, 2686 Lom Tlf: 61 21 18 20, post@ottadalen.norgesfor.no www.norgesfor.no/ottadalen Et selskap i Norgesfôrkjeden Følg oss på Facebook! /ottadalenmolle Flisa Trykkeri for deg norgesfor.no Ottadalen Mølle BESTILLING? RING 61 21 18 20 O�adalen Mølle SA Ottadalen Mølle vart stifta som eit andelslag i 1976, og er i dag eigd av 210 gardbrukarar frå kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Vår hovudverksemd er produksjon av kraftfôr til drøvtyggjarar og svin. Vi sel elles driftsmiddel til landbruket, og forhandlar mellom anna tilskotsfôr, handelsgjødsel, såvarer, ensilerings -og plantervernmiddel. Vi har ein årleg produksjon på over 34 000 tonn kraftfôr. Hovudkontor og produksjon ligg i Lom. Vi leverar kraftfôr i Nord-gudbrandsdalen og på Vestlandet. Vi har butikk i Lom og Vågå, og har forhandlarar og lager på Lesja, i Stryn, Ørsta, Sogndal og Sykkylven. I kraftfôret er det fokus på gode råvarer og kvalitet. Vi er ein del av Norgesfôrkjeda der vi tek del i fôrutvikling. Dette saman med vår lokalkunnskap og fleksible løysingar, gjer at kan vi setja landbruket i våre område i fokus! KONTAK T G J E RNE E I N AV VÅR E FAGRÅDG J E VARAR : Susann Sørheim Fagrådgjevar ses@ottadalen.norgesfor.no Tlf. 480 09 377 Julie Vaagaasar Fagrådgjevar jv@ottadalen.norgesfor.no Tlf. 481 00 971 John Magne Erdal Salgsrepresentant john.magne.erdal@enivest.net Tlf. 947 91 579 Ragnhild Løkken Fagrådgjevar rl@ottadalen.norgesfor.no Tlf 990 02 770 Anita Jære Fagrådgjevar aj@ottadalen.norgesfor.no Tlf 918 12 938 Nord-Gudbrandsdalen: Vestlandet:

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==