Kraftfôr frå Ottadalen Mølle

10 IDEAL Kraftfôr til smågris og slaktegris IDEAL JUNIOR med levande gjær Eit smakeleg og energirikt fôr til smågris, sett saman for å gje god tilvekst og fôrutnytting. Utvalde, lettfordøye- lege råvarer, organiske syrer og selekterte enzym vil auke tilgangen av næringsstoffa, fremje ein sunn tarm og gje høg tilvekst. Tilvenning på kraftfôr er anbefalt frå fyrste leveveke, og smågrisane bør ha eit opptak på opp mot 0,5 kg FEn/dag før avvenning. Unngå fôrskifte i perioden rundt avvenning. - Anbefalt fram til ca. 25-30 kg før overgang til slaktegrisfôr IDEAL JUNIOR BALANSE med levande gjær Eit skånefôr til smågris i besetningar med miljø- eller helseutfordringar (til dømes diaré). Kan brukast i delar, eller gjennom heile smågrisperioda. Tilvenning på kraftfôr er anbefalt frå fyrste leveveke, og smågrisane bør ha eit opptak på opp mot 0,5 kg FEn/dag før avvenning. Unngå fôrskifte i perioden rundt avvenning. - Tilsett fiber, pre- og probiotika for å støtte eit magetarm-system i ubalanse - Eit lågare innhald av energi- og protein enn IDEAL Junior - Anbefalt fram til ca 25-30 kg levandevekt før overgang til slaktegrisfôr IDEAL 30 Konsentrert slaktegrisfôr tilpassa slaktegris frå 25-30 kg levandevekt. Anbefalt som eit startfôr i eit fasefôrings- opplegg, eller som einaste fôr til slaktegris med høgt potensiale. - Tilsett ekstra vitamin og mineral for å dekkje behova til ein gris i rask vekst IDEAL 50 Kraftfôr tilpassa slaktegris, og kan brukast som einaste fôrslag i heile slaktegrisperioda, eller som eit fase 2-fôr i eit fasefôringsopplegg. Kan også brukast til purker i kombinasjonsbesetningar. IDEAL 30 MYSEKOMBI Gjev saman med 20 % myse tilsvarande næringsstoff som Ideal 30 i eit våtfôringsopplegg. IDEAL 50 MYSEKOMBI Gjev saman med 20 % myse tilsvarande næringsstoff som Ideal 50 i eit våtfôringsopplegg. UTEGRIS Slaktegrisfôr til bruk gjennom heile slaktegrisperioda. Eit lågare energi- og proteininnhald enn dei andre kraftfôra til slaktegris vil gje ei svakare framfôring, og kraftfôret eignar seg derfor til gris som har eit lågare krav til tilvekst. Kan også brukast som sluttfôr på slaktegris frå ca. 60 kg levandevekt. - Tilsett ekstra mineral -og vitamin for at blandinga kan kombinerast med andre produkt som t.d. myse, gras eller matavfall i rasjonen - Inneheld mest mogleg norske råvarer, og er soyamjølfri Alle fôr til smågris og slaktegris er tilsett naturleg vitamin E og nye kjelder til mineral, noko som gjev: - betre smak på fôret - høgare fôropptak og fôrutnytting - høgare tilvekst og kjøttprosent - betre helse og sterkare bein

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==