Kraftfôr frå Ottadalen Mølle

8 ALKA Kraftfôr til storfe og geit Alkalisk kraftfôr inneheld norsk korn behandla med urea og ulike enzym. Behandlinga vil omdanne urea til ammoniumsalt, noko som vil gje ein høgare pH i vomma og bidra med ekstra protein. Drøvtyggjarar vil da kunne ha meir norsk korn i rasjonen og samstundes oppretthalde eit godt vommiljø. På denne måten kan ein ha høg andel av norske råvarer i kraftfôret! ALKA MJØLK Energirik kraftfôrblanding til mjølkeku med moderate til høge ytingar. - Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auke feittprosenten i mjølka - Inneheld minst 75 % norske råvarer ALKA STORFE Kraftfôr tilpassa storfe i vekst. Kan også brukast som tillegg til høgtytande kyr, i for eksempel ei grunn- blanding. - Mineralinnhald er tilpassa dyr med høg tilvekst - Inneheld minst 90 % norske råvarer ALKA GEIT Kraftfôr til mjølkegeit. - Gjev eit godt vommiljø, noko som vil auke utnyttinga av grovfôret og auka tørrstoffinnhald i mjølka - Mineral og vitamininnhald tilpassa mjølkegeit - Inneheld minst 70 % norske råvarer Alkalisk kraftfôr innheld ikkje proteinnitrogen (NPN) og må kun gis til dyr med utvikla drøvtyggarfunksjon. Gradvis tilvenning er viktig. Alkalisk kraftfôr må ikkje gis ilag med ammoniakkbehandla halm, eller andre fôrmiddel som inneheld ureaprodukt.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==