Kraftfôr frå Ottadalen Mølle

9 DRØV Kraftfôr til småfe DRØV GEIT med levande gjær Kraftfôr spesialtilpassa mjølkegeit. - Høgt innhald av feitt og protein for ei god mjølkemengde med høgt tørrstoffinnhald - Inneheld levande gjær og mykje råvarer gunstige for eit godt vommiljø og auka fôrutnytting DRØV GEIT FIBER Til år med grovfôrmangel eller ved behov for meir fiber i rasjonen. - Høgt innhald av fiber (NDF) og eit moderat innhald av vomnedbrytbar stivelse - Inneheld bufferstoff og råvarer som er gunstig for vommiljøet DRØV SAU MJØLKEFÔR Protein- og energirikt kraftfôr til søyer frå ca 6-8 veker før lamming og til beiteslepp. - Inneheld råvarer gunstige for eit godt vommiljø, ekstra antioksidantar og naturleg vitamin E for god mjølkeyting og friske søyer og lam - Kraftfôret er koparfritt DRØV SAU APPETITT med levande gjær Fiberrik kraftfôrblanding tilpassa søyer frå 8 veker før lamming til beiteslepp. - Inneheld råvarer gunstige for eit godt vommiljø, ekstra antioksidantar og naturleg vitamin E for god mjølkeyting og friske søyer og lam - Kan i tillegg til godt grovfôr gjevast etter appetitt etter lamming ved gradvis opptrapping - Kraftfôret er koparfritt DRØV SAU VINTER Til påsettlam og søyer etter innsett om hausten og fram til overgang til DRØV Sau Mjølkefôr om våren. - Anbefalte mengder: Åringar: 0,3 – 0,6 kg/dag Søyer: opptil 0,3 kg/dag, avhengig av grovfôrkvalitet Sau som får under 0,3 kg kraftfôr per dag bør få mineraltilskot i tillegg - Kraftfôret er koparfritt DRØV LAM Fiberrik kraftfôrblanding til oppfôring av kopplam og etterfôring av lam om hausten. - Kan gjevast etter appetitt ved opptrapping over minst 2-3 veker, og der det er fri tilgang på godt grovfôr - Vitamin- og mineralinnhald tilpassa dyr i vekst, og vil minske risiko for urinstein - Kraftfôret er koparfritt DRØV INTRO med levande gjær Startfôr for kalv, lam og kje. - Smakelege råvarer og tilsette mikro-ingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst - Inneheld naturleg vitamin E og mineral tilpassa den nyfødde drøvtyggjaren Varmestabil Levucell® Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret gjev eit betre vommiljø og betre fôrutnytting, og dermed auka tilvekst og mjølkeproduksjon med høgare protein- og feittprosent i mjølka. Alle våre kraftfôrblandingar til drøvtyggjarar er tilsett organisk selen. Selen er eit viktig mineral for frukt[1] barheit, immunforsvar og livskraft. Organisk selen aukar tilgangen av selen i dyret, som i sin tur aukar selenoverføringa til mjølk og kjøtt. Dette gjev eit større selenlager, og fører til betre selentilførsel til kalven, kjeet eller lammet.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==