Kraftfôr frå Ottadalen Mølle

6 DRØV Kraftfôr til ammeku og storfe i vekst DRØV INTRO med levande gjær Startfôr for kalv, lam og kje. - Smaklege råvarer og tilsette mikro-ingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst - Inneheld naturleg vitamin E og mineral tilpassa den nyfødde drøvtyggjaren - Anbefalt i bruk til dyret er 2-3 månadar gamalt DRØV FULLGOD Eit pelletert tilskotsfôr tilpassa ammekyr. Vil med anbefalte mengder dekkje protein, vitamin- og mineralbehovet til mordyret, og sikrar at kalven får ein god start. - Anbefalt mengde: 0,5 kg før kalving og gradvis opptrapping til 1,5 kg etter kalving Maks 1,5 kg pr dyr pr dag. Bør ikkje kombinerast med andre vitamin- og mineraltilskot som inneheld jod, selen og kopar. DRØV BARIS Prisgunstig kraftfôr til oppforing av storfe. - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Anbefalte mengder max 4 kg DRØV KJØTTFE Kraftfôr til oppfôring av storfe. - Tilsett buffer og råvarer som er gunstige for vommiljøet - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Anbefalte mengder frå 4-6 kg DRØV MUSKEL Kraftfôr til storfe som får mykje kraftfôr, ved intensiv fôring og/eller grovfôrmangel. - Tilsett buffer og råvarer som er gunstige for vommiljøet - Mineralinnhald tilpassa dyr med høg tilvekst - Aktuell ved kraftfôrmengder over 5 kg DRØV KRAFTIG med levande gjær Eit proteinrikt kraftfôr til kviger og oksar der ein ynskjer høg tilvekst, rask framfôring, eller der mykje grovfôr inngår i rasjonen. - Tilsett levande gjær for auka nytte av grovfôret og høgare tilvekst, samt spesialtilpassa vitamin- og mineralinnhald til dyr i vekst - Anbefalte mengder: Kviger: 0,5 –2 kg/dag avhengig av grovfôrkvalitet og alder Oksar: Opptrapping til maks 4 kg/dag. Dekkjer dagsbehovet for vitamin- og mineral ved ca 2,5 kg/dag Alle våre kraftfôrblandingar til drøvtyggjarar er tilsett organisk selen. Selen er eit viktig mineral for fruktbarheit, immunforsvar og livskraft. Organisk selen aukar tilgangen av selen i dyret, som i sin tur aukar selenoverføringa til mjølk og kjøtt. Dette gjev eit større selenlager, og fører til betre selentilførsel til kalven, kjeet eller lammet. Varmestabil Levucell® Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret gjev eit betre vommiljø og auka nytte av grovfôret, og dermed auka tilvekst og mjølkeproduksjon med høgare protein- og feittprosent i mjølka.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==